EngelskSpansk

Kunnskapsbrev

Bli oppdatert på kunnskap om avl, genetikk, helse, stamfisk- og rogn- produksjon

Abonner på vårt kunnskapsbrev som vi sender ut 2-4 ganger i
året.

 
 

 

 
 

Nyansettelse i Aqua Gen

Kjersti T. Fjalestad (47) er frå 1. februar 2008 tilsett som forskar i Aqua Gen AS.

Kjersti har utdanning og doktorgrad frå Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB) og kjem frå stilling som forskar i Fiskeriforskning. Der var ho med på å byggje opp det nasjonale torskeavlsprogrammet og forskingsaktivitet knytt til dette. Ho har brei erfaring med genetikk og avlsarbeid på fisk. I 15 år var ho tilsett i Akvaforsk der ho tok doktorgrad som omhandla avl for auka sjukdomsresistens på laks. Ho var seinare prosjektleiar for fleire norske og internasjonale forskingsprosjekt på fagområdet også på oppstart av avlsprogram for ulike akvakulturartar.

Kjersti vil ha sin arbeidsplass på Hamar saman med Aqua Gen sine andre avlsforskarar. Mykje av aktiviteten vil vere knytt direkte til avlsarbeidet på laks og regnbogeaure, men ho vil også vere engasjert i Aqua Gen sine mange forskingsprosjekt.